Nordover – ein ny dag med opplevingar

cof

Enda ein flott dag er snart unnagjort her i Portugal.

cof

I dag for me avgarde nordover til byen Obidos som ligg vel ein times kjøring frå Cascais. Det var som ein eventyrby. Tida har stått stille her sida middelalderen. Det er ein av dei mest besøkte serverdighetane i Portugal. Høge bymurar omkransar den vesle byen med ei trong gate som endar ved torget.  Maurerne grunnla byen. I dag står den på UNESCOs liste over freda område.

Når me var ferdige her i Obidos for med vidare til landsbyen Bombarra. Her var det besøk på vingarden Quinta do Sanguinhal.

cof

Her hadde familien drive vinproduksjon  sidan langbestefar starta opp på 1870-talet. Me fekk fylje med inn i produksjonslokala som var dei same som  ved oppstarten. Alt blei gjort på gamlemåten. Dei store eiketønnene var bygd inne i lokalet og hadde ligge der i generasjonar. Me høyrde om brandy, vin og grappa.

Me fekk helse på bestemor på garden som var 99 år. Sprek og vakker som bare det.

cof

Dagens generasjon fortalade med innlevelse og pasjon om korleis dei dreiv  her i dag. Me var ute i marka og smaka på muskatdrue. Søt og god. Så var det vinsmaking før heimlaga lunsj. Sju slag vin smaka me. Alle var gode vinar. Me lærde og å skåle på portugusisk. Saúde!

cof

oznor

Mor på vingarden stod på kjøkkenet og kokkelera. Fyrst fekk me servert ei nydeleg grønnsaksuppe. Så var det litt ost, chorizo, pai med spinat inni til forrett. Og svinekjøtt i ein kraftig saus som var litt koreander i. Alt var aldeles nydeleg. Me fekk velge vin og kor mykj inntil maten. Det var heilt fantastisk. Eit lite dessertbord med dessertvin til. Tilslutt kunne me kjøpe med oss kvalitetsvin heim. Eg kjøpte med meg nokre flasker som skal embaleras godt og pakkas i kufferten. Det blir fint å skåle med i dei mørke haustkveldane som ventar om nokre dagar når me snur nesa heimover att. Men fyrst er det middag på hotellet i kveld og ein ny opplevelsesrik dag i morgo.

Saúde folkens!

sottal

 

Jakta fortsett – Blomster og bønder

_MG_1481

Så er det kjent. Eg er ein av friarane Rolf vil ha med seg vidare. Eg er stolt over at han valgte å ha meg med vidare.

Denne innspelingsdagen var lang og slitsom. Spenninga var stor mens me venta på at bonden skulle ta sine valg. Det er alltid trist å sei ha det til fine folk som du har hatt det hyggeleg sammen med. Alle me seks som fekk blomster og som skal få bli med på gruppedate syns det er trist at Sissel, Marianne, Angela og Ingeborg måtte reise heim. Men slik er det. Me fekk ikkje sagt ha det til kvarandre ein gong. Travelt og regi på alt. Me seks som gjekk vidare skulle intervjuas og tida var knapp. Dei som ikkje blei med vidare såg me ikkje meir til. Men eg veit at dei sit heime og fylger spent med på korleis det går vidare.

cof

Nå er det gruppedate som står for tur. Kva finn Rolf på? Kva skal  me prestere og korleis får me anledning til å snakke litt med Rolf på egenhånd uten alle dei andre friarane er med?  I løpet av denne dagen skal me seks bli til fire. Og det er klart at alle har lyst til å bli med vidare. Det er spennande for det fyrste og så er det jo snakk om ein får noko følelsar for bonden da. Og det er i allefall litt tidleg for meg å sei noko om. Men de som sit heime må bare koble opp på TV2 neste måndag for då fortsett spenninga.

Ha ein fin kveld.

 

Sintra og Cabo da Roca

20170925_113412
Palácio da Pena. Bildet er lånt av Agnes Sciubak. Takk.

Etter ein god hotellfrokost var me klare for nye opplevingar. I dag gjekk turen til Sintra og Cabo da Roca. Sintra har vore ein favorittstad for spanske kongar og arabiske fyrstar i hundrevis år. Der er det vakre slott og palass. Palácio de Pena er eit eventyrslott som ligg på ei av høgdene over byen. Nokon blei med på tur inn i slottet, andre vandra rundt i tronge gater og smug blant haugevis av andre turistar.

cof

sdr

Eg vandra rundt i byen. Eg fekk handla litt gåver og fekk tid til ei kald øl på ein kafé i eit trongt smug saman med hyggelege folk.
Tilbake i bussen var me på veg til lunsj på ein lokal restaurant med kortreist mat. Spekeskinke og melon med ein skarp ost var forrett, kalvekjøtt med nydeleg kortreiste grønnsaker i salat til hovedrett. Me avslutta med nydeleg nøttekake med masse kaloriar. Og så var det god vin til dette.

oznor

oznor

Så tok me vegen ut til kysten og det vestlegaste punktet i i Europa ut mot Atlanterhavet. Cabo da Roca. Høge bølger mot skarpe knausar var det her. Og i dag noko tåke over havet. Det yrde av andre turistar som i ei maurtue. Men vakkert var det.

wp-image-1758873804

Heime att på hotellet kosa eg og Agnes oss med eit glas med bobler i. Det var ikkje gale det! Men det var så varmt på terassen at eg snart var ikledt badedrakt og låg ved bassenget og kosa meg i ettermiddagssol med gode venner. Ein rektig flott dag dette.

Snart er ny middag, vin og hygge. Blir sikkert ein strålande kveld.

Men eg må og få med meg Jakten på kjærligheten i kveld. Blir eg med neste veke? Sjå på oss i kveld så får du svar.

cof
cof

 

 

 

Byen på dei sju høgder

almada

Vel på plass i Portugal med eit fastastisk reisefylge. Fyste dag er snart unnagjort.

Lisboa er bygd på sju høgder ved munninga av elva Tejo.

Når me flaug inn over byen i går ettermiddag for me over Kristusstatuen. Dette er ein kopi av den som står i Rio de Janeiro. 28 meter høg.

Natt ve poolen
sdr
Ikkje dårleg utsikt frå hotellrommet

Me er vel installert på hotellet Eurostars i Cascais. Ein flott by ein knapp times kjøring frå Lisboa. Hotellet er heilt nytt og med vakker beliggenhet ut mot havet. Me hadde ein pangstart i går kveld på hotellet med samling i baren etter middag til langt på kveld. God stemning og folk som verkeleg byr på seg sjøl. Så dette blir ein fin tur.

I dag har med blitt frakta rundt i buss. Me har fått med oss Belemtårnet som er eit stolt landemerke og Portugals stoltaste festning. Me har besøkt oppdagarmonumentet i Belem. Vakkert. Dette er viet dei store oppdagarane som Portugal hadde mange av. Det er Vasco da Gama, Henrik Sjøfareren og Magellan for å nevne nokon.

Me  hadde ein nydeleg lunsj, eller middag kallar me det der eg kjem frå, på ein hyggeleg restaurant i sentrum av Lisboa.

Og tidleg kveld har me bruka ved poolen ved bassenget. Damer i badedrakt, herrer som serverer sprudlevatn. Kan det bli bedre?

Etter ein varm dusj er me klare for nok eit godt måltid og kanskje ein ny kveld med skrøner og godt selskap.

Og i morgo ventar nye opplevingar.

sdr

Får eg blomster av Rolf?

Rolf m blomster

Nå er det snart ny veke og neste episode av Jakten på kjærligheten er klar til sending måndag. Spennande dette.

Eg kan sjølsagt ikkje røpe noko om resultatet når Rolf nå skal dele ut blomster til dei friarane han vil ha med seg vidare på gruppedate. Fire flotte damer må forlate Hoel gård og Jakten på kjærligheten denne måndagskvelden. Blir det meg?

Spenninga for oss friarane var til å ta og føle på denne ettermiddagen på nydelege Hoel gård. For den som må heim blir det slutt på moroa, og for dei som blir med vidare til gruppedate vil det også bli et savn at nokon har forlatt Hoel gård.

alle jetene på hoel
Her er me alle samla før Rolf kjem og vel med seg seks damer vidare til gruppedate.

Eg håpar du vil sjå på oss på måndag. Rolf delar ut blomster, nokon seier farvel, nokon er lykkeleg for å bli med vidare til gruppedate.

Sjøl er eg i Portugal og har lasta ned appen til TV2 Sumo slik at eg kan fylje med på kva var det eg sa egentleg? Og kva sa dei andre? Og kva seier Rolf om alt sammen?

Fylg med du og!

PS: Eg har fått mykje tilbakemeldingar om finkjolen min. Bare så det er sagt: Mest heile garderoben eg stiller med er kjøpt i dei hyggelege butikkane i Seljord.

Kjolen er frå Evelyns Magasin AS, Adax veske frå Frøken Fin AS, Hógl sko kjøpt hos IZI sko & klær.

Ein får det meste i Seljord.

 

 

 

 

Speeddate og sommerkjole

8857CBE4-2A44-4D2D-905A-69FCE18A810C-2359-000005088D773CCADagen i dag har vore kjempetravelt for meg. Mykje aktivitet på dagen og møte i kveld. Eg var ikkje heime att før Jaktenepisoden var over. Men kva gjer vel det når ein kan ta opp programmet og sjå det når det passar.  Nå seint i kveld kosa eg meg med å sjå korleis fyrste dagen av innspelinga blei. Nokre overraskelser var det. Den eine etter den andre friarane gjorde unna sine 5 minuttar med bonden. Interressant  å sjå kor ulikt folk disponerer tida si. Nokon sang seg gjennom tida.

Og moro å høyre kva Rolf syns om damene.

Det var ganske iskaldt å gå rundt i sommerkjole kan eg forsikre. Men alle vil vel vera fine når dei skal på date. Så det var bare og hakke tenner og finne fram smilet. Innimellom alle opptak og intervju og venting drakk me kaffe, prata, lo, drakk meier kaffe og vart intervjua etter tur heile dagen. Når me endeleg var ferdige med speeddaten, var eg iskald.

Nokon av jentene hadde eit utruleg godt humør. Og det ga god stemning. Me blei en fin gjeng.

Etter endeleg å ha treft Rolf var inntrykket at det var ein likandes kar. Noko meir fekk eg ikkje ut av det korte møte.

http://www.tv2.no/v/1231478/

Og ikkje alle friarane kom med på TV. Det er jo fint at ingen gjekk ut i kveld. Då får sjåarane anledning til å fylgje alle på gruppedaten.

Eg skal ut på ein gruppetur til veka. Skal pakke kufferten og putte oppi sommertøy. Den blomstrete kjolen er ein favoritt. Men nå har det vore så  mykje reklame for Jakten på kjærligheten i lokalaviser og TV. Og eg har på den blomstrete kjolen. Den er nesten blitt utslitt. Så eg konkluderte med at nå må folka eg reiser med sleppe å sjå den meir. Så favoritten blir att i skåpet.

Og det betyr at neste episode av Jakten på kjærligheten skal eg få med meg sitjande i senga på hotellrommet i Portugal. Og det blir spennande då folkens. Får eg bli med bonden vidare? Ja, fylg med neste måndag på gruppedaten så får du svar.

Ha ei god natt.

 

IMG_0195

 

Nå startar jaktsesongen

IMG_0188

Eg ser at eg har ikkje publisera noko her sidan reisa mi til Georgia i slutten av mai. Og litt av grunn til det er at tida ikkje har strekke til i sommar.

Etter Georgiaturen var det bare ein måned før sommarferien skulle ta til. Og det har vore ein litt uvanleg sommar for meg.

C7EC676F-2977-466E-9066-BE0148664511-1339-00000496B2AE5E93

Nokre dagar før 17. Mai satt eg på kontoret om ettermiddagen og skulle logge meg ut av PC’n då Katarina Flatland smilte til meg frå skjermen og fortalde at nå er det bare ein dag igjen hvis du vil sende et brev til ein av bøndene i Jakten på kjærligheten. Og Jakten på kjærligheten er visst eit program som har rulla over norske TVskjermar i 13 sesongar. Og eg har aldri sett eit einaste program! Men noko av dei bilda som rulla over PC skjermen min denne ettermiddagen i mai, fatta mi interesse. Og det var bonden Rolf som fortalde litt om seg sjøl og kvifor han var med her. Han sat med ein pus i fanget og smilte med augo, såg veldig triveleg ut, og høyrde fornuftig ut og.

69566909-226F-4042-8016-9D97022C4B06-1339-00000493838FD7A6

Ei av mine svake (og av og til sterke) side er mangel på impulskontroll. Eg er kjapp, nysgjerrig og uredd. I løpet av ein times tid denne ettermiddagen spela eg inn ein liten videosnutt, skreiv et brev som for avgarde nesten før eg rakk å tenke. Så for eg heim og parkera alt saman. Men før eg nesten var ferdig med morgonkaffe dagen etter fekk eg telefon om at eg var registrert og at bonden i løpet av 10 dagar ville plukke ut 10 friarar dersom han var blant dei 4 som fekk flest brev. Eg fekk grei informasjon. Om kva dette gjekk ut på og tenkte vel  ikkje meir på dette.

Bare få dagar seinare drog eg til Georgia med massevis av opplevelsar og ikkje tid til å bruke energi på bønder. Men ikkje mange dagar etter heimkomst fekk eg beskjed om at eg var ein av 10 friarar til Rolf. Å hjelp! Dette var altså konsekvensen av å trykke på sendknappen før ein tenker nøye igjennom  tinga. Eg sette sjølsagt pris på at eg var blant dei utplukka, men takka høfleg nei. Eg ville ikkje på TV likevel, og iallfall måtte døtre og barnebarn, både store og små vera komfortable med at besta på 65 plutseleg skulle på jakt etter kjærleik. Og i tilegg på TV. Produksjonsselskapet synes absolutt eg skulle bli med, dette er et snilt realityprogram sa dei. Etter ein prat med mine fornuftige døtre, som synes det hadde vore veldig triveleg at mamma fekk seg ein venn, så var konklusjonen frå dei: «Kjør på mamma». Og vips så var det avgjort!

Det blei plutseleg travelt for ei bestemor i full jobb og med to bikkjer som ikkje kan vera overlatt til seg sjøl for lenge av gongen. Og det er ikkje alltid like lett å tigge etter hundepass. Feriedager hadde eg rikeleg å ta av, så det var ikkje problem. Eg laug på meg kurs og barnevaktoppdrag. Og venner sa ja til hundepass.

Det er sjølsagt ganske strenge reglar for deltakarar i slike program. Ikkje mange kunne informeras. Men ein kollega måtte involveras og ein hundepassar.img_5285

Spent og med kufferten full av antrekk sala eg på og for avgarde til Mjøstraktene. Og på vakre Hoel gård heilt ned til Mjøsa fekk eg nokre uforgløymelege dagar. Det var som å vera i ei boble. Me var samla 40 friarar og sikkert like mange produksjonfolk frå FremantleMedia og TV2.

3D24A256-5116-4FE9-B9FD-B4A29A8469D2-1339-0000049F14357445.png

Og for nokre folk! Alle profesjonelle til fingerspissane og så hyggelege og tålmodige. For oss friarane som var litt vaksnare enn dei andre var det ingen ting som føltes som om me var «gamle» damer. Nei me fekk topp service på alle måtar. Me var i opptak i opp mot 12 timar kvar dag og slitne som bare det. Men betjeninga på Hoel gård stod på, servera nydeleg mat og gjorde sitt aller beste for oss. Bare å få tilbringe tid i slike omgivelser er nok til at eg aldri angra et sekund på å bli med.

418E4585-8D28-4A8E-BA71-BA7E03540239-1339-00000482C5D8684B

http://www.hoel-gaard.no/

Nå var det klart for 10 flotte damer  å tevle om ein mann. Me blei gode venner og innimellom blei me minna på kvifor me var her. Det var mykje venting, frysing og mykje humor og latter.

TV innspelinga er unnagjort. Nokon går av med seieren. Og det er utruleg spennande å sjå alt på TV. Det vanskelegaste har vore å halde alt dette hemmeleg heile sommaren og til nå. Så for meg er det godt at det endeleg er i gang.

Den fyrste episoden er sendt og nå blir det bare for meg og forhåpentleg mange der ute å vente på måndagskveldar kl 20 for å sjå korleis eg og dei andre greier oss.

IMG_0194

Etter kvar episode vil eg legg ut litt her på bloggen min om opplevelsane rundt dette. Eg håpar du vil følge meg her og på Instagram madamanne52.

Ha ein fin kveld.

 

Borte bra…

Ein nydeleg dag i gamlebyen i Tbilisi er unnagjort. Ikkje noko spesielt stod på programmet. Men sidan det er nasjonaldagen til Georgia i dag skulle me ut å sjå på dette. Det var ikkje som å feire 17. Mai. Men heile byen var full av folk. Og soldatar og militærkjøretøy. Så ein parade var det. 

Høgdepunktet vårt var eit par timar på ein koseleg restaurant i nydeleg vær. Lunsjen var god og vinen likeså. Det har blitt ein stille ettermiddag med pakking og forberedelse til heimtur i natt. 


Me fekk med oss ein god middag saman med hyggelige reisevenner nå i kveld. 
Men nå er det heime som gjeld og Dina og Dennis. 

Gori, Stalin og litt anna


I dag etter nok ein god frokost gjekk turen til Stalins fødeby Gori. Josef Vissarionovitsj Dzjugasjvili var Stalins opprinnelege navn. Han var født i 1878 i fattige kår i byen Gori. Skoleflink, med ei mor som vaska og sydde og far som var skomaker som drakk opp det han hadde. 

Han vart sendt på presteskule fordi mor ville han skulle bli prest. Der kom han i lag med andre som var revolusjonære og oppteke av Marx bl a. Han vart snart kasta ut av skulen og vart fleire gonger fengsla og torturert i bla anna Sibirske fengsel. I 1913 tok han navnet Stalin som betyr stålmannen. Etter revulosjonen i 1917 vart han saman med andre fangar sett fri. Han tok snart over partiet til tross for at Lenin advara ledelsen om at han synes ikkje han skulle bli ledaren.


Stalin var Sovjetunionens ledar fra 1924 til 1953. Det er ingen annan som har site 30 år med makta. Han var gift to gonger. Fyrste kona døde tidleg av tyfus. Saman hadde dei sonen Jakob som vart drepen i konsentrasjonsleir under 2. Verdskrigen. Då vart Stalin kontakt og blei tilbudt å bytte sonen sin mot ein sovjetisk general. Han svara at han bytta ikkje generaler mot vanlege soldatar. Han var nådelaus også med eigen familie. Kone nr 2 som han hadde to barn med, tok livet av seg. Det same gjorde sonen frå dette ekteskapet. Dottera Svetlana har levd i USA. Der har dei alle etterkomarar teke navn etter kona til Stalin. 

Han var karismatisk og flott å sjå på. Men me kjenner alle historien og kva han utretta. 

Under: Dødsmaske av Stalin og Vesle meg ved sida av Stålmannen


Me fekk også omvisning i Stalins skotsikre jernbanevogn. Der er nok mange grusomme bestemmelser teke og mykje vodka gått med.

Under: møterommet i den skotsikre vogna


Mykje interessant har me opplevd i dag.

Etter Gori for me vidare til holebyen Uplistsikhe. Det blir ein annan historie. 


Sola skin. 28 grader i ettermiddag. Og det var godt etter kulda i Kaukasusfjella.  Nå er det å gå over legemet og så er det middag.

Frå Tbilisi til Kvareli

Så bars det avstad frå hovedstaden og til vinregionen Kvareli. Vår fine bussjåfør Ramez var på plass og fraktar oss trygt fram. 

Vi fekk rikeleg med historiefortelling på bussen. Georgia har blitt invadert frå alle kantar til alle tider. Dei ligg strategisk til ved Svartehavet. Dei er eit prøva folk. Eg tenker meg ein historieblogg om denne reisa seinare med meire detaljar.

Dagens lunsj fekk me hjå ein lokal familie. Alt var kortreist og så utruleg godt. 

Neste stopp var vinsmaking i Gvirabi. Vinen som er laga i leirkrukker og ligg nedgravd i jorda heiter Qvavrivin. Drua er  ei Saperavidrue.  Eg synes ikkje denne vinen var god, men men.

Georgia eksporterer ein del vin. Fyrst og fremst Kina. 

Neste stopp opp og overnatting var i Kvareli på ei borg. Det var spektakulære omgivelsar.  Eg og Åse var ute i svømmebassenget og var omkransa av høge fjell. Ganske flott. Så var det mat og vin og godt selskap. 

Neste dag var det klart for Kaukasusfjella.