Bunad og bikkjer

img_3280

Etter dagar på reise var det godt, som vanleg, å vakne opp i si eiga seng. Det er godt å ha ein heim å koma heim til. Etter å ha tilbringa nokre dagar i det store utland set eg ennå meir pris på heime.

Når eg kom til Seljord seint i går kveld rakk eg å hente heim ein av hundane mine, Dennis. Han er ein Bichon Havanaise som snart er to år. Han kjenner ingen han er såååååå glad i som meg. Vanlegvis så trur eg han tenker at ho må ha «daua» som har vore borte frå meg så lenge. Men eg og Dennis er superheldige. Ei flott venninne har teke godt vare på han heile veka eg har vore på reise. Etter å ha hoppa, logra, slikka og meire slikka rigga me to oss til i sofaen og gjekk gjennom TV program og aviser. Og kunne vera oppe halve natta fordi du ikkje må stå opp tidleg dagen etter er ein fin ting. Og eg måtte ikkje stå opp til noko spesielt i dag.

tulipan

Dina, den andre hunden min, er godt vaksen og eit elskeleg vesen. Ho har fleire barnepiker/hundepassarar. Av og til kan det nesten vera litt slåsskamp om å ta vare på henne når eg er borte.

img_3275

Nå har ho tilbringa veka i Flatdal på ein fin bondegard med mi eldste barndomsvennine og mannen hennar. Der har ho nok blitt fora med litt godsaker som svinestrimlar og bondekost i staden for det medbrakte tørrforet. Nettene har ho tilbringa i dobbeltsenga mellom husets vertskap. Og om dagane har ho fått luftetur etter luftetur eller ligge i fanget. Snakk om å ha det fint. I tillegg blei ho kjørt heim til meg av venninna mi i dag. Det er iallefall ekstraservice. Og til tross for all denne «luksusen» ser eg at også ho synes at det aller beste er å koma heimatt til mor.

Heldige meg som har både venner og hunder.

Dagen i dag har gått med til å pakke opp kuffertar, vaske klær og handle inn litt mat til kjøleskåpet. Og så har eg funne fram  den finaste finstasen, den vakre Øst-Telemarkbunaden min. Eg skal nemleg til Flatdal i kyrkja i morgo i gullkonfirmantjubileum! 50 år. Det er ikkje til å fatte at det er gått femti år sidan eg endeleg blei konfirmert. Det var ein skikkeleg milepel. Då kunne eg gå på bygdefestar! Det var liksom målestokken den gongen.

Me var eit stort kull av denne fine 52årgangen. Det blir spennande å sjå kven som kjem i morgo. Mange er flytta ut og bur langt unna. Men mange bur også i nærområdet.

Flatdal_2015
Bildet er lånt frå Wikipedia

Etter messe skal me på Nutheim Gjestgiveri til mat og drikke og hyggeleg prat med dei me ikkje har sett på så mange år.

Kvar gong eg skal kle meg i bunad er det alltid litt leiting etter sølv, skjorte, bunadsko osv. Men etter litt gymnastiske øvelsar opp og ned på stol for å sjekke dei øverste hyllene i kleskåpet, var alt på plass. Skjorta er nå stryka, alt lagt fram og gjort klart. Vekkarklokke er sett på. Så i morgo er det bare å stelle seg og hoppe rett i stakken og glede seg til å treffe gamle kjente.

flatdal k
Bildet er lånt frå Visit Telemark

One thought on “Bunad og bikkjer

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s