Så bars det avstad frå hovedstaden og til vinregionen Kvareli. Vår fine bussjåfør Ramez var på plass og fraktar oss trygt fram.
Vi fekk rikeleg med historiefortelling på bussen. Georgia har blitt invadert frå alle kantar til alle tider. Dei ligg strategisk til ved Svartehavet. Dei er eit prøva folk. Eg tenker meg ein historieblogg om denne reisa seinare med meire detaljar.
Dagens lunsj fekk me hjå ein lokal familie. Alt var kortreist og så utruleg godt.
Neste stopp var vinsmaking i Gvirabi. Vinen som er laga i leirkrukker og ligg nedgravd i jorda heiter Qvavrivin. Drua er ei Saperavidrue. Eg synes ikkje denne vinen var god, men men.
Georgia eksporterer ein del vin. Fyrst og fremst Kina.
Neste stopp opp og overnatting var i Kvareli på ei borg. Det var spektakulære omgivelsar. Eg og Åse var ute i svømmebassenget og var omkransa av høge fjell. Ganske flott. Så var det mat og vin og godt selskap.
Neste dag var det klart for Kaukasusfjella.