8. Mars og Kvinnedag! Eg har vore med på ei hyggelig markering av dagen. Fyrst dukka fine Arek opp på jobben med ein bukett vakre roser som han dela ut til jentene.
Og så var det kåseri og Borgny Tøfte tok oss med på ei interresant reise om kvinners kår og kamp. Og til her me er i dag. Eg kan godt hugse tida med Unni Rustad som var aktiv m-l’er og i Kvinnefronten der ho kjempa mot bla pornografi. Og Berit Aas. Det var heite debattar.

Eg plar sei til jentene mine som lever i ei verd der dei er likestilte med mennene sine at det er fordi kvinner har gått fyri og kjempa kampen at det er så bra å vera kvinne i Noreg. Trur ikkje dei tenker over at det har vore så mykje annleis for oss som er litt eldre. Det som eg synes i dagens samfunn er vel at pur unge jenter lar seg bruke som sexobjekt og også spelar på dette med kropp. Håpar at sidan det politiske klimaet i dagens vestlege verden er blitt så ekstremt mange stader, så treng vi å ta opp att og markere likestillinga mellom menn og kvinner.
Som mine lesarar ser, er det ikkje mykje blogging på meg. Litt for lita tid til det. Men sidan sist så har det vore litt av kvart. Sist helg feira eg mitt barnebarn som allerede har blitt 10 år. Det var ei fin helg med gåver, mat og gode klemmar på bestemor. Det er stort å vera med i livet til desse for meg viktigaste personar. Og denne veka har eg besøk av eit vakse barnebarn som har heimekontor og jobbar frå mitt kontor. Me kosar oss og et og drikk. Og kniser og fniser på kveldstid. Me to har fulgt kvarandre tett i 21 år. Og for nokre dagar sidan drøymde eg at me feira min 100 års dag. Og då var denne unge dama blitt 57. Det er lov å drøyme då.
Men snoen som i ettermiddag kjem ned kunne eg greid meg utan.Ventar på våren nå. Ikkje veldig lenge før påskeferien er her. Det blir fint. Då kan eg kanskje gjera klar terrassen min. Det er heller ikkje lenge til eg og ei venninne reiser til Georgia. Det gler eg meg til. Men fyrst er det hyttetur på fjellet med fine syskinbån neste helg. Og det ventar ei bursdagsfeiring for ei venninne rett før påske.
Eg har og tankar om litt storvask i huset og rydding i skåp og bodar. Men eg kan fort skuve det litt framfor meg. Ikkje akkurat veldig standhaftig denne dama.
Men gode følgarar, ha ein fin kveld og det som er att av kvinnedagen.
