Snart vår

hesteEndeleg ein dag med litt tid og lyst tilå skrive litt her på bloggen. Det er vanskeleg å prioritere dette i kvardagen. Så det blir ein liten snutt når det blir.

Og nå er straks vintermånadene over for denne gong også. Om bare få dagar skriv me mars. Og vår er rett rundt hjørnet, håpar eg. Gler meg verkelg til varme på ein sliten kropp og uteliv på terassen. Blomar i kasser og potter. Gode lukter av nyklypt gras. Ja det er nå ei stund til eg kan kjenne på det då. Men det er lov å glede seg. Og eit par ettermiddagar nå har eg høyrt høglydt fuglesang. Me er på rett veg.

I går ettermiddag var det så fin sol og varmt i sydveggen hjå meg. Etter å ha avslutta arbeidsveka litt tidlegare rakk eg eit par timar i sola. Med sauskinn i stolen og Rørospledd rundt beina var det verkeleg fint. Det var godt å kvile litt etter ei travel veke.

ute

Det er vinterferie og eg har besøk av eit barnebarn. Me har kosa oss på kveldstid og på dagtid har ho hatt med seg jobben sin og lånt kontorplass sammen med bestemor. Ein er ikkje avhengig av å sita på eige kontor når lenger. Me har laga god mat saman om kveldane, vore på middagsbesøk og fått skreimiddag. Me øvelseskjører litt. Og i dag er den unge dama ikkje stått opp ennå. Så eg sit framfor peisen og har pløgd gjennom Aftenposten og Amagasinet frå i går. Nå kom akkurat VG selgaren på døra, så laurdagsVG er klart på bordet her.

Det er det same maset om Trump og ulv og diselbilar og bla bla bla. Eg er fortsatt dagleg opprøt over denne Trumpen. Eg har ei skummel kjensle av diktatorar og pressekontroll. Det startar i det små. Men la oss håpe at folket hans seier stopp i tide. Det er jo ikkje så lange til valget vårt, og kanskje fleire ser viktigheten av å bruke stemmeretten sin. La oss håpe det.

Veka mi har vore mange ulike arbeid og aktivitetar. Eg har lyst til å nevne at me har hatt ein flott lyrikktime på Frivilligsentralen. Den lokale diktaren Hans G. Kivle vart sett fokus på. Dotter hans, Frøydis, samtala og fortalde om far.  Om dikt og liv. Og ho las historiane og dikta hans.Han skreiv mykje fint og det var stinn brakke hjå oss denne dagen. Ser at det er interesse for å halde liv i det kjente og nære. Me har fleire lokale diktarar som kanskje kunne fått ein minnetime. Me skal prøve på det.

hans-g-kivle
Hans G. Kivle

Eg strikkar og strikkar. Stadig prosjekt. Nå er det ein 12 åring som har bestilt ein strikkekjole. Ho ringde seint i gårkveld og lura på kor langt eg var kome. Ho syns det gjekk seint når eg fortalde eg var kome 10 cm på veg. Men eg starta for eit par dagar sidan.

beige

idakj
Og så fin blei vesel Ida med kjolen frå besta

Her i heimen skal me øvelseskjøre i dag, på tur med hundane, lage oss god mat og bare ha det roleg.

Så ha ei god helg.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s