
Ser at det har vore fleire innom denne veka og sett etter ny post på bloggen min. Beklagar at det ikkje er tilfelle. Tida har ikkje strekke til denne veka. Men nå er det fredag og i den store verda er Donaldperioden i gang.
Las artikkel skrive av Morten Strand i Dagbladet. «Det er alvor nå». Det var interresant lesing. Han skriv om narsissisten Trump.
(Narsissisme, egentlig sykelig eller skadelig selvnytelse (forelskelse i seg selv), en betegnelse hentet fra den greske myten om ynglingen Narkissos som så sitt eget speilbilde i vannet og ble så forelsket at han ble dømt til å tæres hen og dø. I dagligtale brukes narsissisme nærmest synonymt med selvopptatthet. Narsissismebegrepet slik det brukes i psykiatri og psykologi har imidlertid en viktig tilleggsdimensjon, nemlig at personen ikke bare er opptatt av seg selv, men også nyter seg selv, sine egenskaper, evner, suksess og ytelser (produkter).(Henta frå Store norske leksikon)
I artikkelen opplyses det om ein Harvard-professor, Howard Gardner som kallar Trump «oppsiktsvekkende narsissistisk», og ein kollega brukar videoar av Trump i undervisninga for å beskrive fenomenet.
http://www.dagbladet.no/kultur/mr-meg-er-president/66771243
Ok. Nok om Donald for idag.
Ellers så har det blitt ein fin spasertur i ettermiddag før mørket kom. Det var nesten som det skulle vore i mars månad. Og det ser ut til å bli fine dagar i helga og. Eg tok nokre bilde av den vakre, raude himmelen både i dag tidleg og i ettermiddag. Eg er ingen stor fotograf, ser at mange legg ut flotte instagrambilde av ein raud himmel. Men det var ikkje det eg tenkte på. Eg blei ståande å snakke med naboen i ettermiddag om kvifor det er så vakre himmlar om dagane. Me kom ikkje så langt at me fann ut av det. Eg har og sett ein kraftig planet eller stjerne dei siste kveldane på himmelen. Googla dette i går, men fann ikkje ut kva det var for noko. Det må eg finne ut av. Har lasta ned ein app på iPhonen men det var ikkje stjerner å sjå nå i kveld.
Helga står for døra og eg gler meg til å slappe av. Strikking, lesing, ut på tur er noko av det eg tenker å gjera.
Nå er det snart leggetid for nokon. Eg skal unne meg å site opp nokre timar ennå. Avsluttar strikkeprosjekt og må gjera ferdig siste centimetrane på lua eg er i gang med. Og så har eg masse eg skal sjå på Netflix for tida. Så det er vel bare å rigge seg til og sette i gang. Og glede meg til laurdag morgon for då blir det egg og bacon til frokost. Det er ikkje noko eg et kvar dag. Så sov godt folk og kanskje har eg noko vettug å meddele i løpet av helga.
De har nok registrera at nå er det nynorskblogg her på sida. Det skal iallefall prøvas ei stund.